Sundagen 26. februar arrangerer Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb turrennet Torefjellsrennet i friteknikk ved Sjusete skisenter ovanfor Norheimsund i Hordaland.

Hovudrennet er 25 km langt der ein kan velja å stilla i aldersvise konkurranseklassar eller mosjonsklasse med tidtaking. 11-12 år går 5 km, 13-16 og 66+ år  går 11 km. Ungdomsklassane 11-16 år har ein eigen fellestart kl.11:00, mens hovudrennet har felles start kl.12:30.

Nye ski til rennet? Sjekk ut Turrenn.nets omtale av FischerMadshus og Rossignols nyheter for 2017.

Det er god plass til alle i Torefjellrennet. Foto: Torefjellrennet.

Nyhet: Langrennscross

Nytt av året er at alle frå 5-10 år går langrennscross (to ulike lengder utifrå alder) med elementer som slalom, hopp, orgeltramp, utfor osv. med start kl.12:00. Det er og ein trimklasse som går 11 km utan tidtaking som alle aldrar kan delta i som har løpande start frå kl.10:00. Alle deltakarar i langrennscross og ungdomsklassane vert premiert, mens klassevinnarane i hovudrennet vert premierte. Det vert og trekt mange flotte ut premiar blant alle deltakarar uansett klasse!

Om ein ønskjer å overnatte i så kan Thon Hotel Sandven i Norheimsund skilte med eigne prisar for denne helga.

Les mer her.

Påmelding Torefjellsrennet (hovudrennet) – https://mi.nif.no/Event#306200-011

Påmelding Torefjellsrennet trim og langrennscross – https://mi.nif.no/Event#306210-011

Write A Comment